Årdal e-sport deltok på Lier IL si breddeturnering i Overwatch tidleg i mai. Turneringe var eit samarbeid med Norges Esportsforbund, og det var 16 lag som deltok.

Vårt lag møtte vinnarlaget i turneringen i fyrste kamp, og med tap måtte dei ta den tunge vegen om Lower Brackets. Der feia laget 3 motstandarar av vegen, før det vart tap i kvartfinalen mot Eniherjar Fenrir med 2-0.

Laget overraska dei fleste, i og med at ingen av desse tidlegare hadde deltek i turneringar. Skussmåla var gode frå motstandarane, og me ser fram til nye turneringar i tida som kjem.

Her er resultata til laget: