Det er i dag signert ein ny sponsoravtale for Årdal e-sport, me er svært glade og stolte av å kunna ønska Årdalsnett AS velkomne som generalsponsor for klubben. Avtalen har ein varigheit på 3 år.

Årdalsnett AS er ein lokal leverandør av breiband og digital-TV. Dei har kundar og nettverk i Årdal, Lærdal, Aurland og Vang. Årdalsnett AS er og ein viktig sponsor i desse kommunane, dei er synlege på dei fleste arenaer der born og unge nyttar sine aktivitetstilbod.

Støtt våre sponsorar, dei støttar oss!